Gratulerer Bergen Lights!

Metrisk enhet av Pekka Stokke

Metrisk enhet av Pekka Stokke

Vi gratulerer Bergen Lights med vel gjennomført Grøn Festival 22. - 24. januar 2021!

Festivalen har kutta ut alle batteri og har kopla seg på faststraum for alle lysinstallasjonane i heile byen! Festivalen har også innført klimahonorar for tilreisande kunstnarar og har kun brukt gjenbrukbart servise i servering gjennom Snekkerbrakken.

I tillegg har festivalen gjort avtalar med kunstnarar om at dei kan demontere verka etter endt festival. Dette fører til at festivalen kan gjenbruke enkelte element og gi vekk resten til andre som kan bruke materialet. For ein føregangsfestival!

Vi gratulerer Bergen Lights som mottar 10 000 kroner i premie frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som ein av dei 15 første festivalane som gjennomfører Grøn Festival.

Lurer du på korleis du kan bli Grøn Festival? Slik gjer du det!

Previous
Previous

Gratulerer Beyond the Gates!

Next
Next

Gratulerer Eggstock!