Søk pengar til tiltak 1. mars

No er tida for å søke pengar! Både Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Bergen kommune har frist 1. mars - og hos begge kan ein søkje om pengar til konkrete klimatiltak.

Desse ordningane er tilgjengelege for at meirkostnadar i forbindelse med klimavennlege val, ikkje skal hindre arrangørar i å gjennomføre klimatiltak.

Ein kan til dømes søkje om midlar til å kjøpe inn varige løysingar for å bryte med eingongsartiklar, levere meir klimavennleg mat, velge utsleppsfri transport, trekke straumkablar eller sette fokus på klima og miljø på andre måtar. Eit supertips er å søke pengar til å hyre ein klimaansvarleg som systematisk kan ta festivalen inn i ei grønare framtid.

Les meir om ordninga til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og søk her


Les meir om Bergen kommune si ordning: Klimatiltak ved kunstneriske og kulturelle prosjekt og arrangement 2022 her!

Previous
Previous

Søk penger til klimatiltak 1.mars 2023

Next
Next

Festivalane sine beste tips frå 2021!