Gratulerer Bergen Fringe Festival

Haus of Friele
📷 Hannah Sorrell

Vi Gratulerer Bergen Fringe Festival med gjennomført Grøn Festival 31. august til 04. september 2021!

Ny tidsnøytral logo er laga til materiell og merchandise som kan brukast over fleire år. Alle artistar og involverte fikk servert vegetarmat gjennom heile festivalen og all servering vart gjort på gjenbrukbare eller komposterbare artiklar. Festivalen har også innført gjenbruk på neckhangers og fikk dei aller fleste kompani til å samkøyre til festival i staden for å fly inklusiv eit kompani frå Danmark!

Vi gratulerer Bergen Fringe Festival som mottar 10 000 kroner i premie frå Sparebanken Sogn og Fjordane som ein av dei 15 første festivalane som gjennomfører Grøn Festival.

Lurer du på korleis du kan bli Grøn Festival? Slik gjer du det!


Previous
Previous

Festivalane sine beste tips frå 2021!

Next
Next

Gratulerer Vill Vill Vest