Transport

Instruks

a) Det skal leggast til rette for at publikum kan reise kollektivt, sykle eller gå.

  1. Kartlegg kollektivtilbodet til festivalen og vurder om tilbodet dekker behovet.

  2. Sett opp ekstra ruter i samarbeid med kollektivtransportselskap ved behov. Vurder om ein bør ha ruter til og frå festival dagleg, samt ekstra kapasitet ved start og slutt av festivalen.

  3. Informer om korleis ein kan reise kollektivt på nettsidene til festivalen og del på sosiale media.

  4. Informer kollektivtransportselskapa som er knytt til festivalen med oppfordring om å legge ut tekst på sine nettsider og i sine kanalar.

  5. Legg til rette for sykkelparkering.

  6. Legg til rette for samkøyring. 

 

 b) Interntransport skal så langt det er mogleg gjennomførast med køyretøy som har nullutslepp eller lågt utslepp.

  1. Ved avtale om leigebil skal ein be om å få bruke el-bilar.

  2. El-bilar, sykkel, el-sykkel og el-varesykkel bør brukast som lokaltransport under avvikling.

 

c) Det skal aktivt jobbast mot å minske utslepp gjennom artisttransport.

  1. Artistar og samarbeidspartnarar skal få tilbod om høgare honorar dersom dei vel å reise kollektivt til arrangementet.