Gratulerer Solgangsfunk og Buskspel!

🎼 Due Leggeiero

📷 Janicke Skorpeide

Vi gratulerer Solgangsfunk og Buskspel med vel gjennomført Grøn Festival 27. - 29. august 2021.

Festivalen har servert kortreist mat og redda mat gjennom å lage eigne lakseburgarar av avkapp frå Svanøy Røykeri som ellers ville blitt kasta. I tillegg har dei sett opp kollektivtransport til og frå øya og mellom konsertar på øya, ikkje kjøpt ein einaste flybillett i forbindelse med festival og gitt gåver til artistar i form av symbolgåver frå Regnskapsfondet.

Vi gratulerer Solgangsfunk og Buskspel som mottar 10 000 kroner i premie frå Sparebanken Sogn og Fjordane som ein av dei 15 første festivalane som gjennomfører Grøn Festival.

Lurer du på korleis du kan bli Grøn Festival? Slik gjer du det!

Previous
Previous

Gratulerer Vill Vill Vest

Next
Next

Gratulerer Høydenfestivalen!