Gratulerer Vill Vill Vest

🎼 Kim Durbeck 📷 MILA

Vi Gratulerer Vill Vill Vest med gjennomført Grøn Festival 09. - 11. september 2021!

Festivalen tilbydde alle tilreisande artistar og speakers klimahonorar for å reise klimavennleg og lagde avtale med VY om billigare togbillettar dersom den reisande hadde billett til festivalen. Festivalen brukte allereie innkjøpt utstyr og resteutstyr til f.eks. neckhangers. All merchanise er av god kvalitet, GOTS-sertifisert og det er fjerna årstall og sponsorlogoar for at plagga skal kunne brukast i mange år framover.

Vi gratulerer Vill Vill Vest som mottar 10 000 kroner i premie frå Sparebanken Sogn og Fjordane som ein av dei 15 første festivalane som gjennomfører Grøn Festival.

Lurer du på korleis du kan bli Grøn Festival? Slik gjer du det!

Previous
Previous

Gratulerer Bergen Fringe Festival

Next
Next

Gratulerer Solgangsfunk og Buskspel!